Sigurd Martin Jakobsen Gjøsæter

Informasjonen om registrerte krigsseilere er ikke nødvendigvis fullstendig. Eksempelvis vil mønstringer og utmerkelser for enkelte sjøfolk bli registrert senere, ettersom nye kilder blir gjennomgått.

Født

20. april 1919

Død

2. juni 2019

Foreldre

Jakob M. Gjøsæter

Kjønn

Mann

Nasjonalitet

Norge flaggNorge

Fødested

Bremnes

Bosted

Rubbestadneset, Bergen

Relasjon til fylke

Hordaland/Bergen

Flåtetilhørighet

Har stillinger

Lettmatros / Matros

Annet

  • Deltok i 2. verdenskrig
  • Ex gratia-arkivet:

    Registernummer under krigen: London 48766, NY 25353.

    Flyktning fra Bergen. Ankom Storbritannia 6. oktober 1941.

    Dro fra Newcastle til Norge med D/S NOVA 28. august 1945.

    Avisartikkel i Bømlo-nytt "Deltok i frigjeringa av Europa":

    "Som så mange bømlingar hadde han røynsle frå fiske i åra før krigen. Han var 18 år då han i 1937 reiste på sildefiske til Island første gong, då som del av eit mannskap på 20. Då dei kom heim att fekk Gjøsæter fem kroner i betaling. Våren 1940 hadde 20 år gamle Gjøsæter fått innkalling til militæret. Men før han kunne møte fram til teneste braut krigen ut. Hausten same år gjekk den unge mannen om bord i «Utnøringen», ein fiskebåt frå Bekkjarvik. Frå Melingsvågen gjekk turen over til Shetland. Der vart Gjøsæter og dei 22 andre tekne vel imot. Dei vart innkvarterte i bølgeblikkbrakker og fekk god mat. Etter tre dagar gjekk turen vidare til Glasgow i Skottland. Gjøsæter minnes at dette var ein troppetransport, og det var såleis mange soldatar om bord. Etter nokre dagar innkvarterte i eit gamalt skulehus gjekk ferda så vidare til London".

    Gjøsæter var deretter på 2 skip i Nortraship før han i en lenger periode var påmønstret D/S JERNLAND. Med dette skipet var han med på invasjonen i Normandie. I avisartikkelen står følgende: "Gjøsæter har mønstra på til «frigjøringen av Europa». 6. juni 1944 gjekk «Jernland» over den engelske kanal med mannskap, deriblant Gjøsæter, og 300 britiske soldatar frå den 8. armé om bord".

    "6. juni gjekk «Jernland» ut ved Dover i grålysninga. Klokka var fem om morgonen. På heile akterdekket stod det plassert tønner med bensin.   - Gud hjelpe meg som det small då dei byrja skyte over sjøen frå Calais. Det var tydeleg at dei hadde pirka i eit vepsebol. Heile kanalen var full av båtar. Me kom heldigvis uskadde fram i 17-tida på ettermiddagen. Det var lågvatn og me sette soldatane og utstyr i land ganske langt ute. Me sat sjølve i vinsjane. Det var tunge løft, seier han. Tidlegare på dagen hadde det blitt rydda veg mellom kryss og miner som var sette opp i strandsona av tyskarane. No kunne dei allierte troppane ta seg innover mot land.    «Jernland» hadde montert luftskyts om bord, og britiske soldatar var klare til å skyte mot fientlege fly. I løpet av dagen såg dei berre eitt tysk fly frå «Jernland». Dette vart raskt skote ned. Gjøsæter fortel at det britiske slagskipet «Rodney» låg rett utanfor dei. Dette skipet hadde tre år tidlegare spelt ei viktig rolle då det tyske slagskipet «Bismarck» vart senka. På D-dagen støtta skipet landtroppane ved å bombe mål på land. - Plutseleg small det då «Rodney» brente av ei breiside. På land var det ei kyrkje der ein tysk snikskyttar låg i tårnet og skaut etter befal. Me såg på medan kyrkjetårnet fór".

    "Skilnaden mellom høgvatn og lågvatn var stor. Etter kvart stod «Jernland» på turt land. Det var gått ein vaier i propellen, og Gjøsæter fekk i oppdrag å sjå på om han kunne få denne laus. Han tok med seg noko verkty og var i ferd med å klatre ned skutesida til den turrlagde havbotnen. Då kom ein britisk offisér ilande bort til han. Gjøsæter forstod straks tordentalen om at ingen sivilistar skulle forlate skipet. Då Gjøsæter fortalde om vaieren i propellen sa offiseren at den skulle dei ta seg av.

    - Kom deg om bord att, kommanderte han. Ikkje lenge etter var propellen fri for vaieren. «Jernland» vart liggjande over natta og kom seg så velberga attende til England".

    Man kan lese mer om Gjøsæter sin historie i avisartikkelen. Se kildefelt.

    Kilder

    RA/S-3545/G/Gg

    "Deltok i frigjeringa av Europa". Avisartikkel av Håvard Hammarstrøm. Bømlo-nytt, 6. juni 2014: http://bomlo-nytt.no/article/20140606/ARTIKKEL/306069999

    Privat arkiv avgitt til Stiftelsen Arkivet