Cookie Consent by Free Privacy Policy Generator
Krigsseilerregisteret logo
HMS Anthony on An Anti-submarine Patrol, Off Gibraltar, 26 January 1944. Anti-submarine control officer (left) with three radio ratings listening through headphones to the ASDIC equipment on the compass platform aboard HMS ANTHONY.. Copyright: Ukjent fotograf / Public domain / Wikimedia commons

ASDIC

Utstyr på marineskip til lokalisering av neddykkede undervannsbåter.

Hentet fra boken: "Frå krigsskip til flaggskip. Historia om "ubåtjagarane" som blei passasjerskip langs kysten av Noreg". Av Otto Ersland, Bergen 2006: 32-33.

"ASDIC blei utvikla av Anti-submarine Detection Investigation Committee. Det første enkle utstyret kom mot slutten av Første verdskrigen og vidareutvikla i åra etter. Sonar er det amerikanske namnet på same teknologien. I korte trekk går teknologien ut på at ei retningsstyrt lydbølgje blir sendt ut frå skipet. Dersom denne treff ein ubåt eller noko anna i vatnet, sender ho eit ekko, eit "ping" attende til skipet. Ved hjelp av kompass kan eskorteskipet lokalisere ubåtens posisjon og sjå om denne nærmar seg eller er på veg bort.

Asdic hadde avgrensa rekkevidde og under skipet var det ei blindsone der ubåten ikkje blei oppdaga av systemet. Teknikken eskorteskipa nytta når dei hadde oppdaga og lokalisert ein ubåt, var å gå mot ubåten. Når dei meinte dei var rett over denne, slapp skipa ut søkkjeminer som var innstilt til å eksplodere på bestemte djupner. Eksplosjonar frå søkkjeminene "slo" og ut asdicen og det kunne ta opp til 15 minutt før denne fungerte som den skulle etter eit angrep. Derfor var det viktig at det første angrepet var så presist som mogleg. Om ikkje, fekk ubåten tid til å kome seg unna.

Mykje anna enn ubåtar kunne gje utslag på asdic. Kval, fisk i store stimar og ubåtar kunne for ein urøynd operatør vere vanskeleg å skilje frå kvarandre. Etter ei tid lærte skipperane på dei ulike skipa kven av operatørane som var til å stole på og kven som ikkje såg skilnad på fisk og fiende".